Hm.. det var litt av ein oppførsel på kvinnedagen
Er usikker på kva som kan vere lurt å gjere her... Har sett at i enkelte par har det stort sett vore den eine av foreldra som har ruga, og når den andre har kome inn i kassa for å overta har det vore "fresing" fra den som rugar. Det har ofte endt med at den ivrige rugaren har tatt nesten heile jobben aleine.
Trur eg hadde prøvd å la dei prøve å finne ut av det ein dag eller to til (om det er forsvarlig i forhold til hoa...), kanskje hannen vil roe ned, eller kanskje hoa vil holde seg meir unna kassa.
Hannen i det første paret mitt prøvde å kaste ut ungane rett etter klekking. Hoa prøvde å forsvare kassa, men hannen klikka fullstendig og kom flygande ut av kassa med eine ungen etter den andre. Utrulig frustrerande å stå og sjå på...
Vi måtte stå vakt med ei hand inne i buret for å stoppe hannen mens eg fekk klipt til ein skillevegg av volierenett, kløna den på plass midt i ferplastburet og lot hannen vere nær kassa/hoa men uten tilgang til kassa. Hoa mata ungane, men etter to dager begynte interessa for ungane å svikte til fordel for dusten som satt og sang på andre sida av skilleveggen. Eg fjerna skillet, og var utruleg spent på kva som ville skje, men hannen begynte utruleg nok å mate ungane.
I dette tilfellet virka det som om det å få han "av sporet" var det som skulle til for at han skulle roe ned, men eit sånt eksperiment kan nok gå heilt galt også.
Å skille ein av dei vekk frå kassa trur eg er vanskelig i ein sånn situasjon, blir nok vanskelig (og meir sårbart) med berre ein av foreldra der, men om det er siste sjans uten at det "går liv" må kanskje det prøvast ei periode?